BREST

Me snakka alder om døden

det var kji tema hjå uss

det var kji snakk om nokon ende

men evig liv på sparebluss

Som å nesten ikkje puste

og alder setja spor

leva lite - mest usynleg

som eit par ubrukte skor

 

Men lite levd det byggjer demning

med skjøre mura mot eit fall

det er kji du som fastset tide

utan tru og utan kall

Høyrer du dirren i frå dagen

det er like før det brest

for det er sant det er for seint no

og du drog alder frå din lest

 

Me snakka alder om livet

det var kji tid og stund for det

for det var lagnaden som styrte

og den let andres vilje skje

Og når eg spurte deg om draumen

om du ville valt eit anna liv

då snudde du deg ut mot glaset

og sa: "Eg tenkji ikkji slik"

 

Men lite levd det byggjer demning...

 

 

KALDT VATN

Dette regnet kom hardt

Eg var kji budd på storm 

Var kji budd på kvasse ord

Som hogg og bitt frå orm

 

Eg trudde sanninga var kjent

At eg ville sjå ho som ein ven

Som ei syster eg har mista

Og som endeleg kjem heim

 

For eg vil tåle nakne ord

Og rustningen som fell

Om eg står ribba inn te beinet

Eg vil tåle det lell

Og eg skal tåle at det brenn

Og at gamle lygni fell

Om eg står ribba inn te beinet

Eg vil tåle det lell

Eg er klar - for Kaldt Vatn

 

For me har jo høyrt det før

Ibsen lærte uss om det

Livsløgne og lukka

Like visst som livets tre

 

Og sikkert er det slik

At ein ser lygni best hjå hin

Og eg undrar kor er mi

som om Pauli ord gjer blind

 

Men eg vil tåle nakne ord.....

 

Er det slik at me til slutt

skal stå til rette likevel

at skjærsild og dommedag

skal setja livet levd på stell

for det er -  mi lygn

og det er - vår

kan du sjå ho som sit nederst

kan du sjå ho før ho går

 

For me skal tåle nakne ord

Og rustningen som fell

Om me står ribba inn te beinet

Me skal tåle det lell

Me skal tåle at det brenn

Og at gamle lygni fell

Om me står ribba inn te beinet

Me skal tåle det lell

 

Det er tid  -   For Kaldt Vatn

 

 

FAMN

Grip du meg i svevet, om eg slepp taket eit bel

Grip du meg i svevet, om eg slepp taket eit bel

Grip du meg i svevet, om eg snublar og fell

Grip du meg no i kveld

 

Og om du glepp meg, og eg synk mot eit djup

og om du glepp meg, og eg synk mot eit djup

og om du glepp meg, og eg ikkji kjem upp

vil du sjå etter meg der eg ligg

 

Dreg du meg opp att, frå den iskalde bre

dreg du meg opp att, frå den iskalde bre

dreg du meg opp att, så eg kan tine eit bel

dreg du meg opp att te deg

 

Grip meg i svevet, når eg slepp taket eit bel

Grip meg i svevet, når eg slepp taket eit bel

Grip meg i svevet, når eg snublar og fell

Fangar du meg no i kveld

 

Tek du meg i famn, når eg berre er til bry

tek du meg i famn, når eg berre er til bry

tek du meg i famn, når eg er livredd og sky

tek du meg inn då, og heim

tek du meg inn då, og heim

 

 

SUMARREGN

Tekst: Bjørn Lindquist

 

Som strauma tå gnistrande perledoggdråpar

i sverma tå splintrande lyn

det utforskar augo og naserotfeste

og tvinna seg langs doggvåte bryn

Det krumma seg rundt øyru og hulegangsnirklar

Og ping-pongar livsgledas evige sirklar

Det er sumarregn

Ditt og mitt sumarregn

 

Det renn, det dryp, det krafteksploderar 

og brusar i ausande yr

Det kilar langs ryggrad og knehasesmutthøl

og skyflar kor snabelvampyr

Det stryk om tådans og veivande armar

For ko er det beste i verda som varmar

Det er sumarregn

Ditt og mitt sumarregn

 

For lukka er silderet for dei som kan håpe

At lukka er gøymt i kor einaste dråpe

 

Når det stryk om tådans og veivande armar

For ko er det beste i verda som varmar

Det er sumarregn

Ditt og mitt sumarregn  


 

BLIND

Raudt er for vona

Blått for di sjel

Kvitt er for stjernun

Som lyser eit bel

 

Svart er for nåtte

Grønt for din sti

Og grå er steinen

Som let deg få tid

 

Men eg vil kvile augudn på deg

der du måtte gå

Og alder - alder - alder

Bli Blind

 

Vest er for draumar

Om alt du har kjært

Aust er for trua

på ei bedre verd

 

Sør er for kvilen

Når vegen er tung

Og Nord er for

den gong du var ung

 

Og eg vil kvile .....

 

Våren er som barnet

Som leier di hand

Der sumaren er ei

Første reis i frå land

 

Hausten sankar inn att

Og gjev eit varsomt bud

Om vinteren som skal

Samle uss te slutt

 

Og eg vil kvile .....

 

 

HALMSTRÅ

Det var no du skull ha vore halmstrå

og reist deg i myra på tå

Bøygd deg te meg i ein bogji tå mot

og lagt deg slik passe på skrå

 

Halmstrå - la meg kveile meg rundt deg og

rett deg mot himmelen så eg kan få sjå

bli mitt halmstrå - bli halmstrå

 

Det var no du skull ha vore halmstrå

og sendt meg opp på ein diger stein

og ingen tå uss skull ha dvelt meir ved søkket

men latt blåmyra ligge att ålein

 

Halmstrå....

 

Så send meg i bogji og la meg få lande

der bekken kjem ned ved foten tå fjell

ja send meg i bogji og la meg få høyre

dens visdomsklukking om lukke og hell - lukke og hell

 

Det var no du skull ha vore halmstrå

og gjedd meg ein puff te å bane meg veg

forbi desse kvistan tå fastlåste tanka om

å ikkji vera verdig og ikkji strekke te

 

 

 

NØKKEN

Eg skal la vinden væra pust for meg

når du sirklar meg inn

med reima og kjetting

eg kjenner ånden din i nakkjin

 

Eg skal la fjellet væra rygg for meg

når du set krokfoten ned

og vil ha meg over stupet

eg høyre klauve ri frå djupet

 

Så vik i frå meg, og løysne dine reimar

eg slær kji fylgji med deg

eg legg meg kji ned, eg legg meg kji ned

 

Eg skal la skodda væra skjold for meg

når du smyg deg ikring

du vil ha meg ned på kne

du lovar skuggefall og le

 

Eg skal la himmelen væra golv for meg

når du sler langt etter meg

du vil ha meg heilt te bottn

men ned til deg skal kji eg

 

Så vik i frå meg, og løysne dine reimar

eg slær kji fylgji med deg

eg legg meg kji ned, eg legg meg kji ned

Så vik i frå meg, eg skal sjå ljå og sigd få falle

eg slær kji fylgji med deg

nei eg legg meg kji ned, eg legg meg kji ned

 

Om du er Nøkken eller Fanden, ell ein indre demon

du er is og kaldt vatn, kamelon


 

SKAM

Eg vil ta hånde di

og fortelja deg

det var ikkje din feil

at du vart gåande åleine

at dei kalla deg

ved stygge navn

 

Eg vil ta hånde di

og fortelja deg

det var ikkje din feil

at dei råka deg

med snø og stein

at du gjekk heim

og sa at alt var fint

 

For verre enn

slag og harde ord

var nederlaget

 

Vil du ta hånde mi

og fortelja meg

det var ikkje min feil

at eg vart gåande åleine

at dei kalla meg

ved stygge navn

 

Vil du ta hånde mi

og fortelja meg

det var ikkje min feil

at dei råka meg

med snø og stein

at eg gjekk heim

og sa at alt var fint

 

For verre enn

slag og harde ord

er skammen

 

At ingen vil ha meg

 

 

DRIV I LAND

Det er greit at dei hiv meg på båten

den utan årer og ror

det er greit at dei skyv i frå mot eit hav

der eg er åleine om bord

Det er greit at vinden fær styre

og at bølgun tek tak slik dei vil

det er greit at eg kjenner meg liten

at eg blir redd, og dei er liketil

 

Det er greit det, så lengji eg, driv i land att hjå deg

 

Det er greit at eg ikkji ser botn

og at himmelen blir alt for stor

det er greit det er uendeleg langt te ei havn

der eg kan leggje mitt andlet mot jord

Det er greit at eg er her åleine

at eg fær kjenne på einsemd og moll

det er greit at tida går sakte

at eg fær granska mitt eige forfall

 

Det er greit det, så lengji eg, driv i land att hjå deg

 

Det er greit at eg berre er ein krusning

her ute i eit uendeleg hav

det er greit at eg ligg her og duppar

i uvissa om kor livet vart av

Det er greit at eg ikkji har svara

og at eg ikkji nett no kan sjå land

det er greit at eg ikkji strekk te her i verda

endå eg kjempar så godt som eg kan

 

Det er greit det, så lengji eg, driv i land att hjå deg

 

 

 

BELLA CIAO

Italiensk partisanersong frå andre verdenskrig, ukjent tekstforfatter og komponist

 

Tidleg, tidleg, i morgongryet

Bella Ciao, Bella Ciao, Bella Ciao - Ciao - Ciao

Ja, tidleg tidleg, i morgongryet

Møter me fienden til kamp

 

Og partisaner, kom og hjelp meg

Bella Ciao, Bella Ciao, Bella Ciao - Ciao - Ciao

Ja, partisaner, kom og hjelp meg

Eg kjenner døden trengje på

 

Og kameratar, om eg skal døy no

Bella Ciao, Bella Ciao, Bella Ciao - Ciao - Ciao

Ja, kameratar, om eg skal døy no

Så ta meg med, ja ta meg med

 

Høgt opp på fjellet, vil eg bli gravlagt

Bella Ciao, Bella Ciao, Bella Ciao - Ciao - Ciao

Høgt opp på fjellet, vil eg bli gravlagt

Under skuggjin av en blom

 

Og alle dei som, går denne vegen

Bella Ciao, Bella Ciao, Bella Ciao - Ciao - Ciao

Ja, alle dei som, går denne vegen

Dei seier for ein vakker blom

 

Og denne blomen, er partisanens

Bella Ciao, Bella Ciao, Bella Ciao - Ciao - Ciao

Ja, denne blomen, er partisanens

Som for vår friheit gav sitt liv