JORD - TEKSTER

HJARTE

 

Sit du i di boble og skular mot verda

Der alt som er ukjend er ein fare for deg?

Har du villa deg inn i eit einspora myrke

Der alt som er annleis skal ryddjast or veg

 

Ein gong i tida bar du med deg eit minne

Om å stå opp i mot og ikkje tåle så vel

Ein gong sto me saman mot det ruvande hatet

Og mot sjølvgodheites mange andlet 

 

Kor spora det tå? Koss var det bar te?

Kor vart det tå hjarte, kor vart det tå hjarte?

Kor spora det tå? Koss var det bar te?

Kor vart det tå hjarte, kor vart det tå hjarte, kor vart det tå deg?

 

Ein gong bar dine vener dei vakraste nåbne

Det var fri og soli og bror og leik

Ein gong ville du og ut i verda

Du ville byte ut grensu med kjærleik

 

Ein gong var ditt andlet åpent og livfullt

Med augo som gnistra tå hugnad og lys

no er det som om hjarte har slokna

og orde dine gjer meg kalde gys

 

Kor spora det tå?.....

 

Er det´kji rart – at dei du alder har møtt – det er dei du er redd for

Og er det´kji rart - at dei du alder har sett – er dei du ikkji vil sjå

 

Kor spora det tå?......

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

JORD

 

Eg går ut og legg hendan i mold

Det kjenns både rikt og armt

Eg grev eit bel med berre nevan

Mørkt, mjukt og varmt

 

No kler eg meg med Sørgerenda 

For eg har kome heim

Her er rom for tanka

Her er jord og stein

Her er jord

 

Eit utsyn mot fridomens land

Fjelle eg drøymde meg burt i

Her er det åpe mot vest

Utan lenkju frå gamal tid

 

No kler eg meg med Sørgerenda ....

 

Som du sleit i desse bakkan

Her var lite og det var stengd

Du retta rygg og såg mot fjelle

Kjende du og på ei lengt?

 

No kler eg meg med Sørgerenda ....

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

SMÅKÅRSTESTAMENT  

 

Du drøymde alder om å bestige Mount Everest

Når du for te fjells var det for å gjete sau

Du vilde alder bli ein Sørpol-farar

Din tur te polet var for å få ein tår te kvelds

Og storbyan har deg alder lokka 

Men du reiste ein gong te Amerika

For å vitje ei gamal smie i Epping

Der far din søkte lukka på det harde tredvetal 

 

Du batt deg fast i dei bratte bakkan

Du starta med ein fjording, horv og spett

Slit og armod fekk du kjenne din del tå

Du fekk gjera di plikt og kreve din rett

Fabrikken nedi bygda var din hjørnestein i livet

Med drahjålp tå likesinna i bygd og by

Småkårsfolket fekk makt bakom krava

Og dagan vorto lettar –  annar morgon - ein ny

 

Vegen vart ryddja opp te dei øvste gardan

I niogfemti kunna ein køyre heilt fram

Hesten vart bytta ut med ein britisk traktor

Ein raud, liten Nuffil med slitin svans

Då møtte du kjærleiken hjå Hajem der du handla

Så blendande vakker ho var i kjolen sin

Eit småbruk uppi åsen stod mager å venta

For dama frå sentrum det gjorde seg fin

 

Åre dei gjingo så hastigt så lydlaust

Kvardagar i rekkje vart te år i ei rad

Av og te sette du deg på ein stein for å tenkji

Men tankan voro mest tå praktiske slag

Kanskje yngste du deg ein son te å bera vidar

Di handugheit og hugen te å drive eit bruk

Tre jentu du fekk men dei reiste tidleg

Ei te fyrste kjærleik og to reiste ut 

 

No sit du på trammen og ser ut over bruket
Du er bangjin for koss det skal gå fram i tid
Det er år sea det var krytyr i stallen 

og dei som kjem hit no vil helde ha fri
Men dette er ditt livsverk du bygde på samvet
Og jorde den var naudsynt i skrinne år
Dette er historia om dei som bygde landet
Dette er testament over folk i frå småe kår

 

Men du drøymde alder om å bestige Mount Everest

Du hadde nok med den daglege stri

Du måtte ikkje sjå Honolulu i kveldssol

Du tok ein dag i gongen – det vart te eit liv

KJÆR LEIK

 

Du har fått vakre songar før

Og du fortjenar kort eit ord

Du er nerva i alt eg gjer

 

Du er rot og vingjespenn

Ei gnist som blir te eld

Du finns i alt eg ser

 

Eg vil så gjedne kjenne deg

Sjølv om du skulle dra din veg

Om du berre vitjar meg

 

Eg vil så gjedne bli hjå deg

Sjølv om du er til låns hjå meg

Eg vil så gjedne høyre te

 

Må du vera ein bestemt

Må eg byggje deg så skjør

Ell finns du over alt

 

Om du visar deg i glimt

Kan du manast fram med song

Kan du binde uss i lag

 

Eg vil så gjedne kjenne deg ……

La meg høyre te – er det berre ein leik 

Ja la meg høyre te – i kjær leik

 

Du kan´kji reise no 

For no veit eg kven du er

Eg kan´kji la deg gå

No som du har vore her

Det finns ingen veg attende

Eg vil alder meir gje slepp

Din leik er eld og oske

La meg bli i eld

 

Eg vil så gjedne kjenne deg ……

 

Du har fått vakre songar før

Og du fortjenar kort eit ord

Du er nerva i alt eg gjer

 

 

 

 

 

 

 

STILLA

 

Alt går så seint her

Berre tide går for fort

Som om fortida har teke meg 

I alt eg ikkje fær gjort

 

Og vinen du har bryggja

Den som alltid er så god

Smakar beiskt i einsamt glas

For du skullha vore her no

 

Denne stilla ho syng

Ho manar deg fram

Mellom veggar frå ei tid

Som har sett slekters gang

 

Stilla ho syng

Blir til tonar og ord

Slik du ville ha sunge

Om duvar her no

 

Eg finn ikkji ro her

Eg kjem ikkji ned

Eg ville gå så djupt

Men eg fær det´kji te

 

Eg ser deg i alt som er her

I kor ein mager kvist

Eg høyrer deg i vinden

Og i alle gamle knirk

 

Denne stilla ho syng....

 

Eg kjenner meg som bly

Eg kavar under snø

Eg renn ut av di tid

Eg renn ut av deg

Du finns i alle røna

Men du er ikkje her

Alder før men no

Har du målbunde meg

 

Denne stilla ho syng.....

 

 

 

 

 

 

 

ROKK VED MEG (Wagon Wheel) 

Bob Dylan/Ketch Secor

 

Eg køyre hardt mot varmare strok

Vekk i frå stengslu, samvet og bråk

Styre fast mot horisontens åpne landskap

Over fjell og viddu på svingut veg

Gjennom sovande, mørke dalar eg dreg

Ut te kysten der eg kan kjenne på fridom

 

Du kan rokke ved fjell og du kan rokke ved meg

For lenkjun du er fødd med kan rokkast ved

Å ja – rokk ved meg

Me pløyer jord og skodde gjennom vær og vind

Og kan reise i frå alt her som brinn

Å ja – rokk ved meg

 

No dreg eg i frå tungsinn og harde ord

I frå høge brøytkanta og frose jord

I frå eit liv der alle vers er like

Født som rytmegitarist i ein hallingslått

Vilde helde spela pønk fort, skakt og rått

Tre grep og sanninga midt i trynet

 

Du kan rokke ved fjell og du kan rokke ved meg.....

 

Eg har vorte fortalt at du kan´kji fløta fjell

Og at lenkjun du er fødd med kan´kji brytast hell

Men at det ikkji er sant det har eg visst lengji

Så no då eg har kome fram te Færder fyr

Og ser heile verda åpnar seg og alt ho byr

For verdens ende finnst´kji og eg har fått meg vengji

 

Du kan rokke ved fjell og du kan rokke ved meg......

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

16 TONN (Sixteen Tons)

Merle Travis

 

Nokon si ein mann er laga tå møkk

Ein fattigmann er laga tå muskla og trøkk

Muskla og bein og blod og verk

Ei svakeleg sjel og ein rygg som er sterk

 

Du lasta 16 tonn og ko er det du fær

Ein dag eldre og ei gjeld som er svær

St Peter du kan´kji hente meg no

For selskapet kreve endå meir blod

 

Eg vart født ein morgon i regn og storm

Det bar rett te gruva i mørke og larm

Lasta 16 tonn med køl og stein

Og basen sa: „No blir sjela di rein!“

 

Du lasta 16 tonn og ko er det du fær…

 

Eg vart født ein morgon i mørkets favn

Slåssing og trøbbel er mitt mellomnavn

Eg vart oppdratt med spanskrør som mors beste venn

Alle kvinnfolk dei gjera meg slem

 

Du lasta 16 tonn og ko er det du fær…

 

Om du høyre eg kjem bør du gje meg nok plass

Det finns dei som ikkji gjorde og dei måtte melde pass

Med ein neve tå jødn og den andre tå stål

Om den høgre ikkji råka vil den venstre gjera kål

 

Du lasta 16 tonn og ko er det du fær…

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

FJØR

 

Stundo

Er du ette ordo

Du glimta te

Men det er´kji ofto det

 

Berføtt

Midt på vetn

I lodne sko 

Du er laus og slær med armo 

 

Å – la meg låne ein tankji

Ein djerv ein som set meg i glør

Du er så mett upp med botnlaust mot

Så hiv i frå deg ei fjør – hiv i frå deg ei fjør!

 

Imyljo

Stilla og bølgjo 

Du berre flyt

Du er´kji den som bryt

 

Isfri 

Midt på vetn

Evig heit

Du er laus - du er alder i beit 

 

Å – la meg låne ein tankji......

 

Så syng meg ut te eit livland

Der sjelen kan leike seg rein

Der tid er noko som vara

Der all mi uro vil synke som stein

 

Å – la meg låne ein tankji.....

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

MINK

 

Du kjem i frå ei anna tid

Der kjenslu hadde dårlege kår

Det er´kji deg forunt å bryte deg fri

Du er´kji fødd i går

Som i ei fattigkoneform

Det va´kji du som valde det

Du var redd heile livet

Stengd i frå alt det du vilde

 

Men me har sett minken fri

Me har rivi alle bur

Eit lite skritt frå fangenskapets tid

Me har sett minken fri

Me har sett minken fri

Rydda netting og mur

Før du går ut av di tid

Sjå! Me har sett minken fri

 

Du var bangjin for alt der ute

Den vesle jenta vart alder stor

Du freista å bli din eigjin skuggji

og fann lit i eiga jord

Den forme du vart tedelt

Var for liten for hjarta ditt

Så du sløkte eld før den fekk gnistre

Drøymde du om å elske fritt?

 

Me har sett minken fri......

 

Om du fekk leva om att

Om du fekk gå i andre sko

Om du fekk røyne fridom

Ein morgon fyld med ro

Eg skull ha gjedd deg tryggleik

Eg skull ha gjedd deg mot

Me skull ha jaga bygdedyret

Og detskull ha gjort deg bot!

 

Me har sett minken fri.....

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

LUKKA

 

Ho har lagt lista lågar for lukka

Tek te takke med mindre no

Alle døra ho alder åpna - har gått i lås

Ho som alltid sikta mot stjernun

Kvar dag vart ein parantes

Som ein kladd for dei - store mål

 

Så lydlaust gjingo åre

Det var daga tå båe slag

For ho gjekk mest å venta

På ein heilt spesiell morgondag

 

Er lista for lukka lagt dit - berre stjernestegen går

Lagt ein stad - der ingen draumar når

Lagt så høgt  - at du må fløge for å sjå

Lista for lukka – vart ho burte - i det blå

 

På veggen ved speilet heng bildet

Frå den gong ho var 20 år

Og ho har alder kjent seg – eldre enn det

Kvar morgon ho helsar seg sjøl

Med eit nikk om eit evig liv

Og at alt står og ventar - rett ved

 

Så lydlaust gjingo åre....

 

Gripe om ta i tu!

Basen her og no er du!

 

Er lista for lukka lagt dit - berre stjernestegen går......

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

FERDAMANN  

 

Du sette deg ned ved bordet mitt

Du sa du var langvegsifrå

At du hadde reist heile jorda rundt

Og ville vise meg ko eg burde sjå

Du sa at frå eit punkt der ute

Såg du nesten alt

Koss me har stelt uss her på kloden

Kor djupt me har falt

 

Eg tenkte ja her har me ein

Som talar over sitt vit

Ein som har fått seg ein smell

Te han kan e´kji seta mi lit

 

Men augo hass var så milde

Hans framatoning så vár

Han sa han var sent men ikkji frå Gud

Det var te folket han sto te svar

Ikkje te dei som styre vår verd

Ikkje te makt og elite

Ikkje te dei som sit øvst på vår jord

Ikkje te dei som er rike

For det er ikkje dei som vil redde vår verd

Dei har for mykje å tapa

De er dei som sit under som treng desse ord

Det er dei som det nye kan skapa   

                      

Ditt andlet det lyste tå iver og kamp

Din neve var knytt som eit hjarte

Din aura var visdom frå ferdamann

med bodskap te det skrinne folket

Og då forsto eg ko du hadde sett

Eg såg brått kloden frå sida

Koss kan me leva heilt utan skuld

Koss kan me berre tia?

 

Eg har ikkje svaret men eg veit eit par ting:

Dei som ikkji høyrest er dei som ikkji vinn

Men ein dag skal dei stå opp for seg og sin flokk

Ein dag skal me samle uss, bror

Me kjem i frå same monn, 

me kjem i frå same jord