HEIM ATT TE SKRINDO

 

Rømde i frå bygde, ein gong i 83

Einsam og rastlaus, ut i verde

Har alder funne ro, jaga umkring

Og det einaste e vil no er å reise heim

 

Men alle pliktidn her, stengi meg inne

Heimlengsel, det kjenns nesten som det brenne

 

Åh la meg reise heim att, heim att te Skrindo

Ut or Oslo-gryta på jakt etter sinnsro

La meg kjenne fjell luft i djupe andedrag

E vil reise heim att – heim att i dag

 

Uansett årstid, e vil heim att te ho mor

Kort år e tenkji, skal bli oftar enn i fjor

Skull ha vore meir i skogen, hjålpt´n far å hogge ved

Skull ha siti meir ved peisen, skull hatt meir tå sjelefred

 

Men alle pliktidn her…..

 

Åh la meg reise heim att…..

Heim att i dag

 

For i dag gjer e blanke

Ofra´kji pliktin ein tanke

Du kan prøve å nå meg, men e svara´kji lell

I dag bli e burte inniblant blåe fjell

 

Åh la meg reise heim att……

 

 

NEDERST VED BORDET

 

Du som sit neders ved bordet

Du som ingen vil sjå

E ha vel mæ gått i frå deg

E ha vel mæ sett deg gå

 

Det var ein visjon dei hadde

Å takk for alt som er gjort

Du ska’kji stå med lua i hånde

Du ska’kji måtte koma te kort

 

Men du sit nederst ved bordet

og øvst er det makte som rår

du prøva å ta dei på orde

men tide den berre går

 

 

Så du reise deg sakte frå krakken

Det er ingen som bryr seg om det

Det er ikkji rare takken

Men du prøvde å få det te

 

Du som sat nederst ved bordet

Ha gjedd upp og krakken står tom

No er du’kji eingong i huset

Men ingen bryr seg det grann

 

For du sat nederst ved bordet

Og øvst er det makte som rår

Du prøvde å ta dei på orde

Men tide den berre går

 

Va’re lettar å sjå ho den gongen

Med træla og svovelsvidd hu

No har ho nålestikk i arman

Og ingen plass ho kan bu

 

For då ho gjikk ut gjennom døre

Va’re for seint å få ho te å snu

Ho vart for tung denna børe

Me skull ha hjålpt ho – e og du

 

For ho sat nederst ved bordet

Og øvst er det makte som rår

Ho prøvde å ta dei på orde

Men tide den berre går

 

 

DU SKULLE HA VISST

 

Såg deg i eit glimt på ein gamal veg

E skjønte det var du, såg det på dine steg

Då gjekk det eit lyn gjennom marg og bein

Åh e visste – det var deg e skulle hatt

 

Du kom hit ein gong i 89

I ei rotlaus tid du kunna kji bli

Du vart burte utta eit ord

Men e visste det var deg e ville ha

 

Ingen veg går attende dit

Og e kan´kji reise tebake i tid

Gamle minnu gjer meg bere trist

Åh – du skulle ha visst

 

E har undrast kor vart du tå

Tenkt i tusen time, koffor måtte du gå

Du sette spor langt inn i marg og bein

Åh e veit, det er deg e ville hatt

 

Skulle e ha leita, prøvd å finne deg før

Skulle e ha satsa alt, gått frå dør te dør

Er det for seint no, etter så mange år

Åh e veit at det er deg e ville ha

 

Ingen veg går attende dit

Og e kan´kji reise tebake i tid

Gamle minnu gjer meg bere trist

Åh – du skulle ha visst

 

 

STILLE ELV

 

Kor lengji må e sita sjå på graset

Før tankjin stig opp og blir til ord

Dagadn går mens e sit stura

Og e tenkji e skulde reist i fjor

 

E såg for meg gode daga

Ein venleg bris og godlynt sus

Men det har vore storm og harde vindkast

Det var nordavinden som vann med iskaldt brus

 

E trudde fossen skulde stilne - At flate landet vilde overta

Og først no har eg skjønt at vilje til stille elv

Er det e som må ha

 

Så e tok turen upp i dale

Te gamalt hus med gamal sjel

Og e tenkte slutt no med å bale

Sett deg ned og sjå på graset eit bel

 

Så slik sat e i mange daga

Og let berre tankan gå forbi

For slik era me laga

Me kan gje slepp om me bere gjer uss tid

 

ref

 

I går gjikk månen ned bak mjuke fjell

Som ei eldkule ho blunka eit lite farvell

Ho sa dei netan du ikkje ser meg så er e her lell

For du må leva kor dag og nyte kor kveld

 

Og nett no har fossen stilna

Det klukkar godlynt gjennom lyng og bar

For e har skjønt det no at evna

Til stille elv - Er det e  - som har

 

 

ERA ME MANGE ?

 

Abu Kamel og Fawzia

Dei kom frå Vest-Jerusalem

Men vart jaga frå heimen i 1948

Dei fekk husly i Sheik-Jarrah - Budde der i 60 år

Men no den niende november vart dei kasta ut på nytt

 

Era me mange som har ropt så høgt me kan ?

Era me mange som bryr uss om

Andre folk – andre land

Era me mange som har trudd at det går an ?

Å gjera ein forskjell

Om me berre bryr uss – lite grann

 

Said har reist i 13 år

På rømmen frå Afghanistan

Var berre åtte og måtte reise heilt aleine

Barføtt over fjellet ein liten gut fraus i hjel

Med berre nevan dei gravde guten ned

 

ref

 

Obama i Nord-Amerika

Har tent lys tå håp i alle land

Når du spør vil e rope ut eit rungande ja

For ja e vil tru på andre daga - E vil tru på ein revolusjon

Ein onsdagsmorgon i november ropa alle ja me kan

 

Era me mange som har ropt så høgt me kan ?

Era me mange som bryr uss om

Andre folk – andre land

Era me mange som har trudd at det går an ?

Å gjera ein forskjell

Gje uss ein Obama i alle land

Å gjera ein forskjell

Om me berre bryr uss – lite grann

 

 

 

JONI

 

Han gløyme alder kvelden i sekstini

Det var silke og fløyel og levande lys

Og midt i denne draumen sat vakre Joni

Med gitar’n og sangen Big Yellow Taxi

 

Har du ein kveld du alder gløyme

Ei nått som eit avtrykk i di sjel

Har du ein kjærleik som vart større

Enn sjølve kjærleiken er

 

Dei levde sterkt med alle sansa

I denne leiken størst tå alt

Men noko endå større drog dei

Trongen te å skapa hadde større kraft

 

Så ein dag ho reiste for å finne

Nokre svar på alt som kjempa inni ho

Ho skreiv mange brev ho alder sendte

Dei vart te sanga, dei vart te Blue

 

Ref

 

For Jonis bestemor ho var ein kunstnar

Som vart fanga i det trivielle liv

Ho sparka døradn ned tå henglsun

for knuste drauma som alder slapp ho fri

 

så ein dag kom telegrammet

frå Jonis reise te framandt land

men i aller siste linje sto det

hennar avskjed – hennar ord om sand

 

ref

om du held for hardt rundt sand - vil ho berre renne ned

 

 

 

 

DET ER LANGT TE KONGO

 

Hadde vore greit med enkle svar

Tegna opp i svart-kvitt – tabloidsk og klar

Er så lett å si at e veit for lite om

Klodens kriga og elendigheit – alle dei mørke rom

For her sit me i trygge, rike  nord

Og berre godtek alt som skjer på denne jord

Det er så langt te krigen – syngji me i kor

Men den er mykji nærmar enn me trur

 

For det er langt, langt te Kongo

Like greit å leta att augo

For e kan kji gjera noko lell

Og her e bur høyre kji det smell

For det er langt frå Skrindo te Kongo

 

Åtte år og på flukt frå ein krig

Han såg mor og far bli høgd opp med kniv

Så levde han på rømmen ei tid

Te han vart fanga tå hæren og måtte ut i strid

Dei fora’n med kokain og krutt

Om han ikkji skaut ville’n sjøl bli skutt

Guta og jentu på 10-12 år

Dette er no ! me snakke’kji om i går

 

Ref

 

Oba vart flyktning, kom seg inn i eit land

Framandt var det, langt frå Afrikas strand

Der hadde dei’kji hatt krig på over 60 år

Det var rikdom og overflod, fred og gode kår

Dei putta’n i eit mottak, men der kunna’n kji bli

Han fann’kji roen inne, måtte ut, kjenne seg fri

Så han vart vandrande papirlaus i løynd langs ei elv

Rivi upp i fillu innvendig går han der og sjelv

 

Ref

 

Bror min vart slått ned langs elve ei nått

Stygt var det og angsten den grip hardt og rått

For elva um nåtte e’kji lenger berre vår

Dette er no ! – me snakke’kji um i går !

 

 

 

I SLUTTEN TÅ MAI

 

Dei voro så varme hendadn dine den morgon

Og sole kom inn gjennom glase som ein kjær gamal venn

For kvelden hadde gnistra då du kom inn gjennum døre

Augudn våre møttes og kvelden for uss vart bestemt

 

På veg i frå festen uti ei mai nått me trødde

Det lukta syrin der me sette uss ned på ein benk

Vil du bli med til meg på eit glas e er nesten heime

Og e svara - Ja det vil e – utta eit blunk

 

Og du hadde dyne i silke og blåmåla himmelseng

E smelta i blågrøne augo og alt i meg brusa og brenn

 

Så stod du burtve glaset i morgonsol og myste mot himmeln

Og e tenkte la denne stunde alder svinne hen

 

¨¨

 

du følgde meg til døre å kyssa meg så e alder kan gløyme

du sa takk for no det var fint men det kan´kji bli meir

å e svara det var verdt det

sjølv om e alder kan lære deg å kjenne

så rusla e ut i solskinn

ein vårdag

i slutten tå mai

 

 

 

ALLE TING KAN SNU

 

For alle ting kan snu - Det veit jo du

Alle ting kan snu - Det veit jo du

 

Har sett Else i gata i alle år

Aleine med eit ovnsrør i band

Har tenkt at ho er einsam der ho går

Det er ho og ein firbeint liten mann

 

Men alle ting kan snu – det veit jo du

Alle ting kan snu – det veit jo du

 

I vår kom ho ruslan med ein tobeint kar

Det var han som hadde ovnsrøret i band

Og dei voro så forelska det var lett å sjå

Tenk at Else hadde funne seg ein mann

 

For alle ting kan snu……

 

Else som snart er femogsøtti år

Ho har alltid hatt eit ovnsrør i band

Før tenkte alle her at ho er einsam der ho går

No er det Else og eit ovnsrør og ein mann

 

For alle ting kan snu…..

 

 

VINTERSPIGJIL

 

Han Einar frå kysten langt vest langt nord

Vart sekogåtti år det var vel i fjor

Aleine han budde i gamalt hus

E trur han må ha visst noko om lengt

 

Om vinterkledd hjarta evig ventand på ein vår

u-utsprungi kjærleik i drauman frå i går

bærand på ei soge om seg sjøl, om sitt liv

som ingen i bygde fekk ta del i

 

Du kunna vorte flyktning i eige land

Du stille fjord

Du blenkjande vinterspigjil

Langt vest, langt nord

 

 

Drøymde du Einar at det skull koma ein dag

Du skulle reise te ein by te ein anna stad

Der du kunna leggji hjarte i åpe hand

La iskrystallen smelte, renne ut i sand

 

Å gje næring te ei rose, raud og rank

Du kunna gje burt te ein framand mann

Som skulle kjent det nett slik som du

Å våge la gnist bli te brann

 

Ref

 

For åre dei gjingo så stilt forbi

Som fysste isen om hausten, skjør og fin

Du varsamt let deg byggji inni

Det var tryggast slik, evig vintertid

 

Alle våra som kom og freista deg ut

Mai sto og lokka, kom Einar gut

Men du våga’kji gje slepp, du våga’kji tru

Du prøvde nok Einar, men valde å snu

 

 

WHITE ROSE BAR

 

W hite Rose Bar i 55

I hatt med søkk og classy brem

Der bohemen sat å drakk

Urban cowboy i fifties frakk

Du hadde spara te ein bil

Skull’ ta verda mil for mil

Sku’ berre finne re ei jente

Ei du ikkji kjente

Som vilde bli med utta mål og utta ende

 

E skulle ha blitt med

E skulle ha reist den same dag

Du skull’kji måtte vente

Hadde’ru spurt meg hadde e sagt ja

Ja e skulle ha blitt med

E skulle ha reist i lag med deg

Utta mål og utta meining

E hadde sagt ja om du hadde spurt meg

 

White Rose Bar i 75

Med langt hår og hippie sleng

Der bohemen satt å fabla

Om ein verden utta kriga

Det va i september det va hausten

Du skulle reise te austen

Skull’ berre finne re ei jente

Ei du ikkji kjente

Som vilde bli med på ei reise utta ende

 

Ref

 

White Rose Bar i gamle New York

White Rose Bar i kor ein by

Seine kvelda med store drauma

Du kan alltids reise i ein morgon gry

 

 

 

 

HAUST WILLIE

 

E vil ha haust, Willie

Haustsol bleik og skarp på same tid

E vil ha sein oktober, kanskje tidleg november

Før snøen, Willie

Men etter at vinden har vore her å rivi lauve ned tå tree

Nakne greini og eit teppe tå gull

E vil ha åpne daga, Willie

Åpne og kvite

Med togbillett i lomma og katten i veska

Så e kan reise heim att

Når e vil

Når e treng

Kvite daga – og ro i sjelen

 

E vil ha haust, Willie

Haustsol bleik og skarp

Før den fysste snøen men i den fysste frosten

Den som svir så friskt

Som klarna huvu og gjer meg ro

Kvite daga

Så e kan reise

Reise heim att

Når e vil

Når e treng

Kvite daga

E vil ha haust

E vil ha haust, Willie