TOVE BØYGARD

EIN SMAK AV JORD
2.11.18: Det er akkurat berre fire viku att te fysisk platerelease. Eg har tjuvstarta denne med å gjera plata tilgjengeleg på CD for mine trufaste følgesvener her gjennom fjesbokji, og eg har fått mange fine tilbakemeldingar frå dikkon som har rukke å høyrt på «Jord». Me leva i ei flyktig tid der musikken strøyme ut gjennom duppedittane og der mange av oss blir for opphengt i skjerm. Å setje på ein fysisk CD eller Vinyl er noko anna enn musikk via skjerm, det tek uss lenger tid, ein kan nyte teksthefte og bildu mens ein høyrer på musikken, og kanskje er lyden bedre, varmare, nærare. Eg har ikkji kasta ut korkje CD-spelar eller CDar, og vinylspelaren har no som før heidersplass i stugu. Eg har eit forhold te fysisk format, og eg veit det finns mange der ute som også endå har det, sjølv om elbilane ikkje kjem med CD-spelar. Og så likar eg fysiske blad. Me har ikkje mange musikkblad att her i landet, men me har eit skandinavisk visemagasin som kjem ut to gonger i året, spekka med gode intervju og anmeldelsa: Viser/Visor! Og i fysisk formats ånd så har vise-generalen - og etusiasten, og sjefsanmeldaren Trond Skarsten gjeve «Jord» ein framifrå anmeldelse i siste utgåva av Viser/Visor.
FYSISK RELEASE PÅ VINYL OG CD 8.12.18, DIGITAL RELEASE 18.1.19!

JORD

 

FORHÅNDSBESTILL VINYL HOS BIG DIPPER OG FÅ DEN SIGNERT:

https://bigdipper.no/vinyl/country/lp/tove-bøygard-jord-lp-kom-nolbr1801-p0000048525

HJARTE - første singel frå albumet JORD er ute!

JORD

Kjøp den her og få CDen NO! VINYLEN får du umiddelbart når den kjem, rett frå trykken 7.12.18!

http://www.toveboygard.net/26686269/category/859391/kjøp-jord