Bakteppet for Blåe Drag

Tove Bøygard - Blåe Drag

 

Bakteppet for låtane på "Blåe Drag":

 

                       

FRAMAND: Eg kunne ikkje gje ut ei skive utan å seie noko om den største menneskelege krisa i vår del av verden sidan andre verdskrig. Her sit me, i eit ekstremt overflodssamfunn, og er redd for å dele godene. Men det er ikkje almisser som skremmer uss rike nordmenn, det er tanken om å verkeleg dele! Så må me kanskje gå litt ned i levestandard då, for å gje rom for folk i nød, men kva gjer det når dei fleste i Norge har mykje meir enn dei treng?

For du er så fattig og me er så rik, me må byggje mura, for du har ingenting.

 

BLÅE DRAG: Låten har ligge i skuffen i snart 20 år og er ei mislykka mannehistorie. Han sa han skulle koma attende te hausten, han skulle koma før snøen la seg. Me skulle sjå på sjednun (stjernene) i lag. Eg venta kor dag, men han var borte, heile vinteren. Så kom våren, og med den sumaren, og med den kom han. For eit lite bel (stund), på lån, for å kile kjakjin (kinnet), for å reise vidare.

 

HOLDEPLASS: Stemningsrapport frå ein grå og regntung vinternått i Oslo. Han er kasta ut av heimen etter 20 års ekteskap, og blir sittande på ein trikkeholdeplass, i byen der ingen ensar han. Han har ingen plass å gå. Ho sit i heimen med dårleg samvit, med døre på gløtt. Men begge veit at det er over, for at alt har si tid.

 

DEN SOM IKKJI SØV: Eg veit litt om rus etter å ha jobba på gata i Oslo i over 20 år. Eg har prøvd å hjelpe andre med deira rusproblem. Sjøl har eg gått fri. Men eg har kjent på rustenning, og eg har hatt mine einsame nachspiel. Eg har siti i den einsame timen og kjent på trongen til å la rusen ta over, trongen til å få stige om bord i den evige karusell.

 

TRE: Dette er ein song til mi eldste syste (søster). Ho valte å stifte familie i ung alder, og har hatt eit veldig godt liv med fire born og ein trygg og god familie rundt seg. Eg var friheitssøkande og rastlaus, og endte opp i livet utan min eigen familie, utan eigne born. Eg forstod ikkji mi syste den gongen, men eg forstår ho i dag, eg vart ei grein heilt åleine, ho vart sitt eige tre.

 

ALMINDELEG LIV: Eg er utdanna sosionom og har jobba i rusomsorgen i Oslo sidan 1992. Mange av desse åra jobba eg på Sprøytebussen, og sidan på sprøyteutdelinga og sprøyterommet. Eg har lært mykje om menneske gjennom dette arbeidet. Eg har lært noko om kor forskjellig me er, kor viktig det er å bli sett som den unike personen me er. Eg har lært at relasjonen alltid er det viktigaste. Eg har lært at me er alle ulike, men det finns nokre fellesnemnarar blant uss. Og for dei som har levd sine liv i rennesteinane, er det mange som har hatt eitt brennande ynskje (ønske), om å få leva eit heilt almindeleg liv.

 

TA MEG MED:  Denne har eg skrivi til deg som tør å gå dine eigne vega, til deg som leve for noko som er større enn deg sjøl.

 

BYTTU OG SPANN:  Eg har kyssa ein del froskar. Kanskje har eg vore både blåøygd og halvblind. Men ein lærer jo av sine feil. Eg bit kji på, fagre ord, har gjort det før, og det fall te jord. For øvrig har eg endeleg funne meg ein kar som gir meg både i byttu og spann. Og det anbefalast.

 

MELEA:  Låten er inspirert av eit gamalt bilde frå Christiania i 1912. På bilde ser me Marie som står i suppekø på Christian den fjerdes plass i Oslo, ho ser akkurat ut som Melea som sit på hjørnet på Grønland, med same skaut, same kopp, same bøygde nakke. Marie har me godhjarte for, ho kan jo væra vår eigen oldemor, men Melea går me forbi. Kvinna som sit på hjørnet på Grønland heiter eigentleg Claudia, er av Romfolket og kjem frå Ungarn.

 

ALLE DESSE DAGAN: Eg møtte mannen i mitt liv, for seks år sidan. Eg skulle så inderleg ynskt eg hadde møtt han før, då skulle eg ha fått minst 5 born med denne mannen! Men no er det for seint med eigne born. Det er ei stor sorg. Og eigentleg møttest me for 25 år sidan. Då var eg kul og utilnærmeleg dørvakt på Sentrum Scene i Oslo, og han var stamgjest. Eg meiner at han den gongen burde ha tatt tak i meg og rista meg te vet, dratt meg te altars og gjeve meg ein haug med born!

 

SJÅ I NÅDE:  Dette er min oversatte versjon av ”Mercy Now”, skrivi av mi heltinne frå USA, Mary Guthier. Eg har møtt ho fleire gonger når ho har vore i Oslo, og ho gav meg blanko til å skrive om teksten til norsk. Denne låten er veldig personleg for meg. Far min er ein gamal slitar, dobbeltarbeidande heile livet, fabrikkarbeidar og småbrukar på eit lite og tungdrivi fjellsmåbruk, 750 moh, på Skrindo, i Votndalen i Ål i Hallingdal. Han har alder tatt seg fri. No er han 81 år, og sjøl om kroppen er heilt utslitt så driv han fortsatt på og passar på alle gamle hus på småbruket. Eg er glad i far min, gje han fridom no. Mannen min og eg skal fløtte til småbruket om to år. Planen er å begynne med alpakka og ullgris. Dei andre fire versa er like sanne som det første.

 

FAEN FAEN FAEN: Fanfanfan! Eg har fått tillatelse av sjølvaste Thåström til å omsetja den til halling, svensk og halling er jo veldig likt. Eg har følgt Thåström sidan Ebba Grøn, eg meiner han er ein av verdas desidert fremste rock-poetar. Eg sto i kø for signering på Oslo City då han gav ut si siste plate, ”Den Mårrånen”, og eg skulle ta mot til meg å spørje om lov til å omsetja låten hans. Der sto eg i kø i ein time, prøvde og kvinne meg opp, men då eg sto rett framfor han vart eg så starstrucked at eg mista munn og mæle, det einaste eg fekk fram var: ”Kan du signere denne?”. Seinare fekk eg heldigvis kontakt via hans gode venn og bandkollega, og fekk klarsignal for teksten dagen før eg mastra skiva!

 

TRENG DEG: Me treng alle nokon. Eg har sliti med mine demonar aleine i mange år, det tok meg lang tid å tørre å be om hjelp frå dei rundt meg, eg skulle vera så sterk og ufeilbarleg. Det gjorde meg einsam. Eg skreiv låten etter ein krangel med kjærasten min, det kjennes utruleg godt å kunne rope det ut: Eg Treng Deg No!