Tekstene på skiva "Blåe Drag"

Framand

 

Du er ein framand

I vinterkald kveld

Du bankar på døre

Du kjem i frå eld

Du var ei Soge

Frå tusen og ei nått

Du var regnbogens syste

No er du måla i grått

 

Og eg sit i varmen

Eg har meir enn eg treng

Og likevel tenkji eg:

Skal eg åpne døre i kveld?

For de er så mange

og me er så rik

Me må byggje mura

For du har ingenting

 

Namnelaus kjem du

Te vår sjølvgode havn

Du er kald og aleine

Du er sorg, du er savn

Du er rivi i beta

Frå heim og frå rot

Du er berre barnet

Men har dødsangstens mot

 

Og eg sit i varmen…..

 

Du bankar på døre

Men eg er i tvil

Du kjem med armod

Og eg er så rik

Det var så enkelt

Å vera din venn

Før du kom hit

Før du ville inn

 

Og eg sit i varmen…..

 

***

 

Blåe Drag

 

Det skull ha vore vinter

Du skull ha kome før

Stillheite har pint meg

Elden er no berre glør

Me skulle sjå på sjednun

I lag i vinterkveld

Eg trudde kji du kom att

Så kom du lell

 

No er det midt på sumarn

Og du har vore langt

Eg sat her å venta

Og du har sett så mangt

Det er no greitt å springe

Men ein dag treng du kvil

At det var hit du ville

Vil du bli ?

 

Du er som sumarvinden

Mild med Blåe Drag

Du ruskar vilt i lauvet

Og brått du stilnar av

Du let deg ikkji stagge

Tå grinda som er stengd

Og brått du kjem attende

Og kilar kjakjin – te dei på vent

 

Det skull ha vore vinter

Det skull ha vore kaldt

Du skull ha vore min då

Og gjedd meg varme over alt

For du er nett som vinden

Med eit pust du dreg din veg

Ingen vil heilt få deg

Det blir i alle fall ikkji eg

 

Du er som sumarvinden...

 

***

 

Holdeplass

 

Gråværsmorgon i Januar

På holdeplass 9 for trikken mot Jar

I le for regnet sit ein halvgamal kar

Han har siti lengji no

Han kom i nått klukka to

 

Alt har si tid – han tenkji

Alt har si tid

Men akkurat no – er ho kji mi

 

Regn mot glas som tåri mot kinn

Dei siste orda i samvetet brinn

Alt ho vil er å rope han inn

Ho har siti lengji no

Sea i nått klukka to

 

Alt har si tid – ho tenkji

Alt har si tid

Men akkurat no – er tide kji mi

 

Nått blir te dag

Ein by livnar te

I hastige drag

Alle går kor for seg

Han veit ingenting

Om dagen som er født

Men ho sit og ventar – med døre på gløtt

 

Alt har si tid – han tenkji...

 

 

***

 

Den Som Ikkji Søv

 

Dagan era vrengt

du er vakjin klukka fem

byen søv

denne timen er slem

Du bur på ein stein

i ein buldrande foss

mott aleine

Eg har kasta loss

 

Den som ikkji søv

den som ikkji kvile

den som alder vil at

karusellen skal lande

Berre ein tur te

i den einsame timen

mellom fem og seks om morgon

er kji Gud ein gong på jobb

 

Tankan er eit tog

som alder kan stane

dråpan er mitt gull

som ei and blir te svane

Eg treng dei for å le

kjenne luft under vengjin

vibrerande flyt

mot dirrande strengji

 

Den som ikkji søv......

 

Du har velta glas

men alder tent på brui

Grindan du har åpna

står endå på vidt gap

Kor vart dei hine tå?

 

Den som ikkji søv...

 

***

 

Tre

 

Me bær på den same arven

Me kjem i frå same rot

Den stamma kan kji hoggast

Den er kjettingen rundt vår fot

Eg ville stå i vinden

Du valte varme og le

Eg vart ei grein heilt åleine

Du vart ditt eigji tre

 

Eg skulle ut i verda

Erobre for å bli sett

Skulle vise eg dugde

Og eg trudde eg hadde rett

Du valte å følgje hjarte

å byggji din heim i fred

Eg vart ei grein heilt åleine

Du vart ditt eigji tre

 

Eg sa: ”Du må ikkji stogge

Du må ut og sjå deg omkring”

Eg ville ha deg meir rastlaus

Og du skjønte ingenting

Du sa: ”Eg har alt hjå meg no

Det er her eg høyre te”

Eg vart ei grein heilt åleine

Du vart ditt eigji tre

Eg vart ei grein heilt åleine

Du - vart ditt eigji tre

 

***

 

Almindeleg Liv

 

Ein søppelsekk med ting

Ein sprukkjin gitar

Ei vise om livet

Usminka slik det var

Eit rom på Ila

Ei utslitin mor

Ei syste i Tønsberg

Ein utflytta bror

Og eit dikt om ein dag som alder kom

 

Eit andlet med djupe furi

Augo med gnist og liv

Eit smil utta tenna

Krokut rygg tå asfaltslit

Ravnsvart hår

Under Felleskjøpet-caps

Med blokk og blyant

I tidleg februarslaps

Med eit dikt om ein dag som alder kom

 

Du har alder gjedd opp

Du har alder lagt deg ned

Etter 40 år på gata

Håpar du endå det vil skje

At du ein dag skal leva

Eit heilt almindeleg liv

 

Ein søppelsekk med ting

Ein sprukkjin gitar

Ei vise om livet

Usminka slik det var

Eit rom på Ila

Ei utslitin mor

Ei syste i Tønsberg

Ein utflytta bror

Og eit dikt om ein dag som alder kom

 

 

***

 

Ta Meg Med

 

Som lauv i haustvind

Du let deg rive laus og drive bort

Du ville fløge

Du ville leva sterkt og vilt og rått og fort

Du slo på strengji

Som gav atterklang hjå mange på din veg

Du levde hastig

Du ville meir og mykje større enn sjølve deg

 

Ta Meg Med – Ta Meg Med - Ta Meg Med

Riv Meg Laus – La Meg Fløge - Ta Meg Med

 

Du stod i blæsten

Du ville kjenne at du levde kort sekund

Du kvilte alder

Du ville sjå og ta inn alle løynde rom

Du reiste vidar

Frå asfaltjungel te store viddu og åpe sjø

Eit rastlaust hjarte

Som ville meir og mykje større enn deg sjøl

 

Ta Meg Med...

 

Sjå deg alder attende

Det er her og no du er

Du kan kji leva på minnu

Dei lev i deg – i den du er

 

Ta Meg Med – Ta Meg Med - Ta Meg Med

Riv Meg Laus – La Meg Fløge – Gje Meg Fred

 

***

Byttu og Spann

 

Eg bit kji på

Fagre ord

Har gjort det før

Og det fall te jord

Du må kji tru

At eg er lett å snu

For du veit kji du

Nei du har ingen klu

 

Kan du gje meg – i Byttu og Spann

Er du ein slik mann – som kan gjera vatn te brann

Ja eg undrast: Kan du gje meg i Byttu og Spann

Er du ein slik mann?!

 

Har lært eit par

Triks for å finne ut

Kem du er

Um du er ein vaksen gut

Har gått på ein smell

Ja det er vel minst ti

Så eg let meg kji lure

Kan du gje meg garanti

 

Kan du gje meg....

 

Så la meg høyre og la meg sjå

Eg har lært å skille klinten i frå kveiten grå

Så kom med ko du har

Du må leggji det fram

Og ikkji prøv deg på lygni

Du blir gjennomskua mann

 

Kan du gje meg.....

 

***

Melea

 

Ho står med skaut og er lut i ryggen

Loslitt sjal med blikk i moll

Er det Melea, som tigg på hjørnet?

Nei, dette er Marie i 1912

 

Desse to kunna vore systu

I blikk og klednad er dei lik

Me kjenne godheit for Marie

Men Melea går me forbi

 

Dei kjem begge frå håplausheite

Ei frå fortid, ei frå framandt stråk

For dei er livet inga gåve

Det var og er eit evig åk

 

Desse to kunna vore systu...

 

Eit gamalt bilde frå suppekøe

Marie strekkjer koppen fram

I vintersnø ved Christian den fjerde

Med luta rygg i armods skam

 

Desse to kunna vore systu...

 

***

Alle Desse Dagan

 

Eg sit og ser på bloman

Dei som vekse vilt

Det syng i blomelie

Men brått så blir det stilt

For dagan er så korte

Og livet går for fort

Og brått er fargun borte

Det var så mykje eg skull ha gjort

 

Du skulle ha tatt tak i meg

Og rista meg te vet

Du skull ha sett ut fellu

Og eit gamalt fiskenet

Du skulle sagt: Høyr jenta mi

Ein dag vil du forstå

At alle desse dagan

Vart eit liv du gjekk i frå

 

Eg sit og ser at engji

ho er bleik og utta liv

Der det før var fargu

er det berre turre siv

Fuglan har reist heim att

dei som bur i sør

og eg sit her så tafatt

attegløymt og skjør

 

Du skulle ha tatt tak i meg...

 

Kan eg få tru på under

å gå attende i tid

eg skull ha åpna hjarte

eg skulle ha levd eit anna liv

 

Du skulle ha tatt tak i meg...

 

***

 

Sjå i Nåde

(Mercy Now/Mary Gauthier)

 

Far min, han treng å kjenne fridom no

Han har sliti heile livet, tunge tak i skrinn jord

Han tek te å bi gamal, dagadn era ryr

Eg er glad i far min, gje han fridom no

 

Mi syste, ho kunna trengt å fløge no

Ho har alder kjent på vengji, over framandt land og jord

Livet har gjedd ho, alt ho yngste seg ein gong

Eg er glad i syste, gje ho vengji no

 

Fedrelandet, det burde vise rausheit no

Framandfolk treng ein flik tå, alt det me har i overflod

400 mil rett søraust og eit helvete på jord

Eg er glad i dette landet, gje det rausheit no

 

Kor ein levande ting, kunna trengt visdom no

Me haste mot eit punktum utta evne te å sjå,

Dei som sit med makte vil berre tekkast folk som syt

Eg er glad i livet, og livet sjøl treng visdom no

 

Me treng alle, å bli sett i nåde te no

Eg veit me er kji verdig, men me treng det endå

Me balansere på ei line mellom helvete og heilag grunn

Kor og ein tå uss, treng å bli sett i nåde te no

Me treng alle, å bli sett i nåde te no

 

     ***

 

FaenFaenFaen

(Fanfanfan/Thåström)

 

Endå eg har kji sett deg

på så lengji

Tenkji eg på deg i blant

Det var noko som festa seg hjå meg

Noko som alder heilt forsvant

 

FaenFaenFaen - detskullhavoredu

FaenFaenFaen - detskullhavoredu

 

 

Fekk eg spele om partiet

Fekk eg sjansen ein gong te

Fekk eg vri tebake tide

Om du gav meg ein ny giv

 

FaenFaenFaen...

 

Alle klokku, alle kor

Alle himmelens orgel, skulle vore for uss

 

Alle trommu og trompeta

Alle segni, alle under

Alt på ein og sama gong

 

FaenFaenFaen...

 

Endå det var slik ei

kort romanse

Var det noko eg alder

heilt forsto

Slike sjansi kjem ein gong berre

Alder at dei koma to

 

FaenFaenFaen...

 

 

***

 

 

Treng Deg

 

Eg trur eg treng deg no

Kan du halde meg hardt

Kan du bli her eit bel

Denne nåtte er svart

Eg trur eg treng deg no

Kveil deg rundt meg

Eg blir jaga i nått

Du må bli her eit bel

 

Det er vel ikkji alle ting ein må forstå

Og det er vel ikkji alle vega te helvete ein må gå

Eg har kji bedt um at alt skal væra rosa og gjevt

Men dei gjingo for langt no – demonan i kveld

 

Eg trur eg treng deg no...

 

Det er vel kji i alt det som gjekk gale eg må stå

Og det er vel for pokker kji alle kronglute vega ein må gå

Eg har alder bedt um å få leva på ei rosa sky

Eg gjikk denna vegen fordi det var her eg trudde eg fekk ly

 

Eg trur eg treng deg no...